Hopp til hovedinnhold

 

Fusa vidaregåande skule utebilde

Fusa vidaregåande skule ligg idyllisk til i Eikelandsosen, i Bjørnafjorden kommune. Til saman har me omlag 300 elevar og 55 tilsette. Alle tilsette ved skulen legg vekt på å byggje god relasjon til deg som elev. Me har lyse og moderne lokale, og eit tett samarbeid med næringsliv og kommunar. Me er ein kombinert skule med yrkesfaglinjer og studiespesialiserande linjer, med elevar frå fleire ulike kommunar.
Bordtennis i lunsjpausen

Klage på standpunkt, orden og åtferd og ikkje skriftleg eksamen

Klage på standpunkt, orden og åtferd og ikkje skriftleg eksamen Klagefristen er 10 dagar. Elevane har rett til å få grunngjeving frå faglærar før dei klager. Dersom eleven ber om grunngjeving, gjeld klagefristen frå eleven fekk grunngjeving. Hurtigklagefrist for 3KDA og TAF/YSK4 er onsdag 19. juni
Infoskjermen GO

Infoskjermen GO

Last ned appen Infoskjermen GO og bruk koden FUSAELEV23, så får du det som skjer på Fusa vgs rett i din mobiltelefon

Aktuelle saker

30.01.2024

Særskilt tilrettelegging på eksamen

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging.

19.12.2023

Velkommen til open ettermiddag på Fusa vidaregåande skule 25.01.24, kl. 17.30-19.30

Skulen ynskjer å invitera til open ettermiddag for alle som ynskjer å sjå kva skulen kan tilby. Kjem du?