- Helse- og oppvekstfag
- Naturbruk
- Restaurant- og matfag
- Studiespesialisering
- TAF/YSK-modellen
- Teknologi- og industrifag
- Tilrettelagt opplæring
- Vaksenopplæring

Fusa vidaregåande skule ligg idyllisk til i Eikelandsosen, i Bjørnafjorden kommune. Til saman har me omlag 300 elevar og 55 tilsette. Alle tilsette ved skulen legg vekt på å byggje god relasjon til deg som elev. Me har lyse og moderne lokale, og eit tett samarbeid med næringsliv og kommunar. Me er ein kombinert skule med yrkesfaglinjer og studiespesialiserande linjer, med elevar frå fleire ulike kommunar.

Meir opplæring i fag - frist 01.juli
Informasjon til elevar ved dei vidaregåande skulane våren 2025 om retten til meiropplæring i fag. Meld deg i resepsjonen dersom dette er aktuelt for deg.
Velkomen til nytt skuleår ved Fusa vgs
Måndag 18.aug - Første skuledag for elevar på VG2 og VG3. Onsdag 20.aug - Første skuledag for elevar på VG1 (startssamtalar finn stad 18. og 19.aug)Aktuelle saker
06.08.2025
Eksamensavvikling for VG3 våren 2026
Representantar for alle fylkeskommunane har laga ei felles nasjonal ramme for eksamensavviklinga i 2026. Den felles planen viser disponeringa av tida i mai og juni.

02.07.2025
Me på Fusa vgs er stolte over å vere ein MOT-skule
MOT er eit verktøy for å jobbe systematisk med å utvikle ungdoms robustheit og motstandskraft. Målet er at dei står sterkare i møte med samfunnsutfordringar som mobbing, utanforskap og psykiske vanskelegheiter

01.07.2025
Gratis leige av skulelokale for aktivitetar for barn og ungdom
Frivillige lag og organisasjonar kan søke om gratis leige av lokale ved Fusa vidaregåande skule der målgruppa er barn og unge under 20 år.