Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

To helseelever pleier elev i seng

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja helse- og oppvekstfag?

Vil du vera med på å gjera ein forskjell i livet til andre? Vil du møta menneske frå alle kulturar og bakgrunnar, og læra om helse, omsorg og oppvekst? Vil du ha ein jobb som er utfordrande, variert og givande? Då er helse- og oppvekstfag noko for deg!


På helse- og oppvekstfag får du kunnskap og ferdigheiter som gjer deg i stand til å hjelpe menneske i alle aldrar og med ulike behov. Du får også erfaring frå praksis i ulike arbeidsmiljø, som barnehagar, skular, sjukeheimar, sjukehus og heimetenester. Du får sjansen til å utvikla deg sjølv som person og som fagperson, og du får mange moglegheiter for vidare utdanning og karriere.


Helse- og oppvekstfag er eit spennande og viktig fagområde som treng engasjerte og dyktige folk. Er du ein av dei? Då bør du søkja helse- og oppvekstfag i dag!

Me tilbyr: 

  • Vg1 Helse- og Oppvekstfag (HO)
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar
  • Vg2 Helsefagarbeidar
  • YSK 4-årig

På Fusa vgs har me eit godt samarbeid med bedrifter, kommunar og helseforetak i distriktet. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling.

Om du ynskjer ei høgare utdanning innan helsefag, treng du studiekompetanse, då kan YSK Helse være vegen å gå.

_DSC5392.png

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær?

 

Vg1 Helse og oppvekst

Her får du kunnskap om helsefremjande arbeid, korleis kroppen er bygd opp, hygiene, førstehjelp, sjukdommar, velferdsteknologi og kosthald. Du lærer om kommunikasjon, samarbeid og sosial kompetanse. I faga får ein  knyte teori og praksis saman, og skulen nyttar ulikt utstyr til sjukepleiaroppgåver. VR briller vert også nytta i opplæringa. I faget yrkesfagleg fordjupning (YFF) får du mulighet til å få yrkespraksis på arbeidsplassar som er aktuelle for vg2. 

Læreplan i vg1 helse- og oppvekstfag

Vg2 Helsefagarbeidar

Helsefagarbeideren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar. Du får mellom anna kunnskap om grunnleggjande sjukepleie og opplæring i aktuelt utstyr, kompetanse i sjukdomslære, samt opplæring i kommunikasjon og samhandling. I praksisperiodane kan du mellom anna vera på sjukehus, sjukeheim, bufellesskap og open omsorg.

 

Læreplan i vg2 helsearbeiderfag

Vg2 barne - og ungdomsarbeidar

Du kan jobba i barnehagar, skular, SFO  og klubbverksemd for barn og unge. Gjennom programfaga får du lære om barn og unge si utvikling, særskilte behov og pedagiske kommunikasjonsmodellar. Du lærer å planleggja og gjennomføra ulike aktivitetar for barn og unge i alderen 0-18 år. Du vert meir bevisst dei utfordringane barn og unge møter i dag, og lærer korleis du kan vere ein god rollemodell.

Læreplan i vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag

Fagbrev- fagarbeidar


Etter  Vg2 kan du søkja om læreplass (2 år) og ta fagbrev, eller søkje vg3 allmennfagleg påbygging og få studiekompetanse (1 år). Du kan og ta allmennfaglig påbygging etter at du har fått fagbrev.

Lærling

For å verta lærling i Helsefagarbeidarfaget eller Barne- og ungdomsfaget må du ha gjennomført 2 år på vidaregåande skulen. Først må du gå vg1 Helse og oppvekst. Etter vg1 kan du velje om du vil gå  Vg2 Helsefagarbeidar eller Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar. Læretida er 2 år for begge faga.

Etter læretida kan du få stilling som fagarbeidar eller  gå  vidare på påbygg som kvalifiserer deg til høgskule og universitet.

Læreplan i helsearbeiderfaget Vg3 / opplæring i bedrift
Læreplan i barne- og ungdomsarbeiderfaget Vg3 / opplæring i bedrift

 

TAF-Lærling

For å verta YSK-lærling, søkjer du YSK helse og oppvekst når du søkjer deg inn på vidaregåande skule. Som YSK elev, kombinerer du opplæring på skulen og lærling i bedrift i 4 år.
Etter 4 år tar du fagbrev som helsefagarbeidar og du har studiekompetanse med fordjupning i realfag.

Søknad YSK