Hopp til hovedinnhold

Fusa vgs - ein MOT-skule

MOT-logo

Kva er MOT? MOT Norge er ein ideell non-profit organisasjon. MOT arbeider med å utvikle ungdomar som inkluderer alle. Det er fokus på å gjere ungdom robuste og gje dei motstandskraft. Målet er å gje dei verktøy som vil styrkje elevane i møte med samfunnsutfordringar som mobbing, utanforskap og psykiske vanskar.

Mange elevar opplever ekstra utfordringar i ungdomstida, og MOTs program skal vere eit godt verktøy for å arbeide førebyggjande og gjere elevane i stand til å handtere situasjonar der utfordringar oppstår. MOT skal vere med på å skape gode klassekulturar og skulemiljø som inkluderer alle. Dette har Fusa vgs sett på som viktig i mange år, og ser òg fordelen med å vere med på MOT som skule.
Me vil ha reflekterte og positive ungdomar, som kan møte verda med alle dei verktøya som er moglege, og difor er me stolte av å vere ein MOT-skule.

MOT lagar program som er forankra i positiv psykologi til både ungdomsskular og vidaregåande skular. Me er stolte over å vere ein del av dette.
For oss å vere ein MOT-skule betyr at me kan vere med å gje ungdom verktøy og verdiar som dei kan bruke seinare, og hjelpe dei gjennom ungdomstida. 

Les meir om mot

MOT-tilsette.jpg