Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Vestland skal gjennomføre ei undervisningsevaluering. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
Kvar skule har ansvar for at alle elevar får høve til å gjennomføre evalueringa i skuletida kring midten av skuleåret. Alle elevar må ha tilgang til PC og internett. Det vert sett av god tid til gjennomføring per klasse, minimum 45 minutt. Skulen forklarer korleis elevane loggar inn og svarar på undersøkinga, og går gjennom alle spørsmåla i spørjeskjemaet før elevane begynner. Elevane skal svare på spørsmåla uforstyrra og ha tilstrekkeleg med tid, og det bør vere ein lærar til stades for å svare på spørsmål undervegs.
Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet på evalueringar avheng av kor mange av eleven sine lærarar som skal evaluerast. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre grupper. Det er skuleadministrator frå kvar skule som har bestemt kva grupper som evaluerer. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper, og elevane vil svare for sine grupper samla gjennom éi innlogging og éi samleside med elektroniske skjema.