Fusa vidaregåande skule ligg i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Til saman har me over 300 elevar, og 55 tilsette. Me har lyse og moderne lokale, og eit tett samarbeid med næringsliv og kommunar. Med gjensidig respekt mellom vaksne og elevar, ønskjer me å bidra til at alle lærer og trivest i åra dei er hjå oss.
Ekspedisjonen på skulen er open måndag - fredag kl. 07.30 - 15.00. I skranken møter du Siriann og Liv Hege.
Kvar finn du oss
Adressa til skulen vår er Leiro 43, 5640 Eikelandsosen. Resepsjonen ligger i første etasje, inngangsdør i porten. Der finner du også administrasjonen.
Telefon til sentralbordet er 56 58 09 00
Epostadresse er post.fuv(at)vlfk.no
Miljø - læring - trivsel
Trivsel er ein viktig føresetnad for læring. Fusa vgs arbeidar for at elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø, og har 0-toleranse mot mobbing. Me har fleire trivselsfremjande tiltak, og elevane er viktige samarbeidspartnarar her.
Vi er miljøfyrtårnsertifisert!
Frå juli 2015 er Fusa vgs sertifisert miljøfyrtårnbedrift! Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Det innebærer systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen.
Fusa vgs har tilsette med gode ambisjonar og praktiske rutinar og mål for miljø-, trivsels - og HMS-arbeid, og me vil involvere elevane og deira organ i Miljøfyrtårn-arbeidet som ein integrert del av dei kvardagslege rutinane.
Me tek miljøansvaret vårt på alvor og handlar i praksis!
Tilgjenge
På nettsida Bygg for alle finn du informasjon om korleis det er å ta seg fram i og til Fusa vidaregåande skole. Det er nyttig for dei som for eksempel er bevegelseshemmet, synshemmet eller av andre årsaker trenger å vite korleis tilgangen er i og rundt skulebygget.