Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.
Kvifor velje naturbruk?
Er du interessert i og har omsorg for natur, mennesker, dyr og miljø? På naturbruk lærer du om samanhengen mellom biologisk produksjon, naturens tålegrenser og menneskeleg aktivitet. Du får kunnskap om korleis me kan bruka naturressursane på best mogeleg måte.
Me tilbyr:
- Vg1 Naturbruk
- Vg2 Akvakultur
- YSK Marin
På Fusa vgs vil me gje deg ei spennande veksling mellom praksis og teori. Me har flott natur som legg godt til rette for utflukter og ekskursjonar i nærmiljøet.
Om du ynskjer å ta høgare utdanning innan akvakultur, biologi og realfag, kan du søkje YSK Marin.
Kva kan du bli?
Naturbruk er eit utdanningsprogram for eit yrke innan primærnæringane. Du har mange valg vidare.