Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor restaurant- og matfag?
Ser du for deg et praktisk arbeidsliv? Likar du å tilbereda og servera mat? Er du interessert i kosthald og ernæring? Då er restaurant- og matfag noko for deg. Restaurant og matfag er eit kreativt og internasjonalt fagområde som er i stadig forandring gjennom tilførsel av nye råvarer og nye impulsar frå heile verda. Uansett ambisjonar er utdanning innan restaurant og matfag eit handverk som gir deg store moglegheiter når det gjelder val av arbeidsstad og vidare utdanning. Dersom du ønskjer deg jobb i lokalmiljøet eller ut i verda, gjev utdanninga deg moglegheiter kun avgrensa av din eigen fantasi.
Me tilbyr:
- VG1 Restaurant og matfag
- VG2 Kokk- og servitør
På Fusa vgs har me moderne kjøken og restaurant. Dette gjev god trivnad og dei beste tilhøva for fagleg utvikling.
Etter to år hjå oss kan du søkje lærlingplass.
Kva kan du bli?
Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar etter endt utdanning innan restaurant og matfag