Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

DSC01153.jpg

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kva er Studiespesialisering?

Studiespesialisering er eit utdanningsprogram som gir deg moglegheit til å fordjupe deg i teoretiske fag. Programmet er delt inn i to hovudretningar: 

  •  Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi.

Du kan velje fagkombinasjonar som passar dine interesser og framtidige utdanningsplanar.

Kvifor velja studiespesialisering?

Å velje studiespesialisering gjer at du får eit breitt grunnlag for høgare utdanning. Du får kompetansen du treng for å studera vidare, utan å ha bestemt deg for eit spesifikt yrke. Denne studieretninga held mange moglegheiter opne, og gjer at du får tid til å utforske kva du vil satsa på i framtida, samtidig som du byggjer den nødvendige faglege bakgrunnen for vidare studiar. 

  • Breidt fagtilbod: Du kan velje mellom ei rekkje fag som matematikk, fysikk, kjemi, biologi, samfunnsfag, språk og økonomi. 
  • Førebuing til høgare utdanning: Programmet gir eit godt grunnlag for vidare studiar ved universitet og høgskular, både i Noreg og internasjonalt
  • Fleksibilitet: Du kan skreddarsy ditt eige utdanningsløp ved å velje fag som passar dine interesser og karriereplanar.

Opptakskrav og struktur

Studiespesialisering er eit treårig løp som startar med eit felles første år (VG1), der du får ei brei innføring i ulike fag. I andre og tredje år (VG2 og VG3) vel du fordjupingsfag innanfor anten realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. 

 

Les meir om utdanningsprogrammet på vilbli.no

 

Vg1 studiespesialisering

Det fyrste året er felles for alle som vel studiespesialisering, og vi har fokus på  studieteknikkar, inkludering og fellesskap på skulen. 

Det første året har du kun fellesfag, og desse faga er obligatorisk for alle.
Faga du har på vg1 studiespesialisering er:

  • norsk
  • matematikk 
  • engelsk
  • naturfag
  • samfunnskunnskap
  • geografi
  • framandspråk (tysk eller spansk)
  • kroppsøving

Matematikk

Du kan velje om du vil ta praktisk matematikk (1P) eller teoretisk matematikk (1T). Dersom du ynskjer matematikk som programfag på vg2 eller vg3 anbefalar vi 1T. 

Framandspråk

Du må velje deg eit framandspråk. Dersom du har hatt tysk på ungdomsskulen, kan du fortsette med dette på vg1, eller du kan velje spansk. Du må ha framandspråk dei første to åra. For deg som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen tilbyr vi spansk, dette må du ha alle tre åra. 

Valfrie programfag

Du kan velja breiddeidrett i tillegg til dei obligatoriske faga.

Vg2 studiespesialisering

I det andre året startar du på ynskja programområde. Her kan du velje mellom:

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi

Dei valfrie faga kallar vi programfag. Det andre året held du fram med ein del av dei faga du hadde første året, og du får ein del nye fag. Her skal du velje tre programfag, der to av faga skal vera fra programområdet ditt (f.eks. to realfag). Det tredje programfaget vel du fritt, uavhengig av kva programområde det høyrer til. Det kan variera noko frå år til år kva programfag du kan velja. 

Faga du har på vg2 studiespesialisering er:

  • norsk
  • matematikk (2P eller R1)
  • historie
  • framandspråk (tysk eller spansk)
  • kroppsøving
  • tre programfag (to må vera frå same programområde)

Realfag

Hos oss kan du velje mellom desse programfaga:

  • matematikk R1
  • fysikk 1
  • kjemi 1
  • biologi 1 / biologi 2

Språk, samfunnsfag og økonomi

Hos oss kan du velje mellom desse programfaga:

  • engelsk 1
  • psykologi 1 / psykologi 2
  • samfunnsgeografi / sosialkunnskap
  • matematikk R1

Val av matematikk

På vg2 må du også velje kva for matematikk du ynskjer, enten praktisk  matematikk (2P) eller realfagleg matematikk (R1).

Valfrie programfag:

  • breiddeidrett 
  • foto og grafikk

Programfag på nettskulen

Det er også mogeleg å ta programfag på Nettskulen Vestland. Dette er mest aktuelt for fag Fusa vgs ikkje tilbyr. 

Vg3 studiespesialisering

Det tredje året skal du fordjupe deg i to av dei programfaga du hadde på vg2. Det tredje programfaget vel du fritt. Det kan variera noko frå år til år kva programfag du kan velja.

Dette året legg vi stor vekt på at du skal vere godt førebudd til vidare studiar.

Det tredje året får du berre eitt eller to nye fag. Resten av faga er fag du held fram med frå tidlegare – mellom anna dei to programfaga du har valt å fordjupa deg i. Det tredje programfaget vel du fritt. Det kan variera noko frå år til år kva programfag du kan velja.

Faga du har på vg3 studiespesialisering er:

  • norsk
  • historie
  • religion og etikk
  • framandspråk (spansk – berre for dei som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen)
  • kroppsøving
  • tre programfag (to må vera frå same programområde)

Realfag

Hos oss tilbyr vi:

  • matematikk R2
  • fysikk 2
  • kjemi 2
  • biologi 1 / biologi 2

Språk, samfunnsfag og økonomi

Hos oss tilbyr vi:

  • engelsk 2
  • psykologi 1 / psykologi 2
  • samfunnsgeografi / sosialkunnskap
  • matematikk R2

Valfrie programfag:

  • breiddeidrett 
  • foto og grafikk

Programfag på nettskulen

Det er også mogeleg å ta programfag på Nettskulen Vestland. Dette er mest aktuelt for fag Fusa vgs ikkje tilbyr.