Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje teknologi- og industrifag (TIF)?
Har du praktisk sans og godt handlag? Likar du sveising, maskinering og monteringsteknikker? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIF noko for deg. Faget skal fremja heilskapleg forståing av produksjonsprosessar, HMS og leggja grunnlaget for å tenkja tverrfagleg.
Me tilbyr:
- Vg1 Teknologi- og industrifag (TIF)
- Vg2 Industriteknologi (PIN)
- YSK 4-årig
På Fusa vgs har me eit stort og moderne verkstadlokale, og du får ei spennande veksling mellom praksis og teori. Utdanninga har fokus på samarbeid skule-bedrift. Denne fagutdanninga er det etterspurnad etter i mange bransjar.
Om du ynskjer ta fagbrev og å oppnå studiekompetanse på fire år, kan du søkje YSK.
Kva kan du bli?
- CNC-operatør
- Sveisar
- Platearbeidar
- Industrimontør
- Industrirøyrleggjar