Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Me tilbyr:
- Opplæring i tilrettelagte grupper innan alle utdanningsprogram skulen tilbyr.
- Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde elev.
- Arbeidspraksis i bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass.
- Opplæringa har fokus på førebuing til vaksenlivet.
For meir informasjon kan du ta kontakt med rådgjevar ved skulen.
Innhald i opplæringa:
- I gruppe for arbeidstrening legg me særleg vekt på å førebu eleven til eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.
- I grupper for kvardagslivstrening vert det særleg vektlagt opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet.