Hopp til hovedinnhold

Restaurant- og matfag

Elever jobber med matproduksjon og servering

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor restaurant- og matfag?

Ser du for deg et praktisk arbeidsliv? Likar du å tilbereda og servera mat? Er du interessert i kosthald og ernæring? Då er restaurant- og matfag noko for deg. Restaurant og matfag er eit kreativt og internasjonalt fagområde som er i stadig forandring gjennom tilførsel av nye råvarer og nye impulsar frå heile verda. Uansett ambisjonar er utdanning innan restaurant og matfag eit handverk som gir deg store moglegheiter når det gjelder val av arbeidsstad og vidare utdanning. Dersom du ønskjer deg jobb i lokalmiljøet eller ut i verda, gjev utdanninga deg moglegheiter kun avgrensa  av din eigen fantasi.

Me tilbyr:

  • VG1  Restaurant og matfag
  • VG2 Kokk- og servitør
  • YSK 4-årig

På Fusa vgs har me moderne kjøken og restaurant. Dette gjev god trivnad og dei beste tilhøva for fagleg utvikling.

 Etter to år hjå oss kan du søkje lærlingplass.

Om du ynskjer å ta høgare utdanning innan restaurant og matfag, treng du studiekompetanse,  då kan du søkje YSK RM. 

IMG_7948.jpg

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar etter endt utdanning innan restaurant og matfag

Vg1 Restaurant og matfag

Du får god trening i problemløysing og realistiske opplæringssituasjonar, som i stor grad skjer i praksis på skulen sitt moderne kjøkken og restaurant, ute i naturen, i bedriftsbesøk og arbeidspraksis i eksterne bedrifter. Opplæringa legg til rette for at du skal få utvikla dine kreative evner, og å jobba sjølvstendig og saman med andre. Du får kompetanse i korleis du skal bearbeida og behandla mat og drikke på ein berekraftig måte, forstå samanheng mellom kosthald og livsstil og kunnskap om dei ulike faga innan restaurant og matfag.

Læreplan i vg1 restaurant- og matfag

Vg2 Kokk og servitør

Du får auka kompetanse om kundebehandling og ei profesjonell haldning til faget. Dette inneber eit samsvar mellom produktkunnskap, rasjonell arbeidsteknikk og evne til å yta god service. I tillegg til praksisopplæring på skulen, er elevane i løpet av skuleåret heile  9 veker i arbeidspraksis i ei bedrift. Mange elevar teiknar lærekontrakt i denne perioden. Skulen har tett dialog med bedrifter både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Kokkar og servitørar snakkar eigentleg same "språk" - berre ulike dialektar.

Læreplan i vg2 kokk- og servitørfag

Etter fullført vg2/vg3

Etter fullført vg2 kokk og servitør kan du søkje om å verta lærling i to år og ta fagbrev. Eller du kan søkje eit tredje påbyggingsår og få studiekompetanse (1 år). Du kan og ta påbygg og få studiekompetanse etter at du har fått fagbrev.

Lærling

For å verta lærling i kokkfaget, servitørfaget, ferskvarehandlerfaget og ernæringskokkfaget må du ha gjennomført to år på vidaregåande skule. Først må du gå vg1 Restaurant- og matfag og vg2 Kokk og servitør. Læretida er to år for alle faga. Etter læretida kan du få stilling som fagarbeidar, eller  gå  vidare på påbygg som kvalifiserer deg til høgskule og universitet. 

Læreplan i servitørfaget vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i kokkefaget vg3 / opplæring i bedrift

TAF-lærling

For å verta YSK-lærling, søkjer du YSK restaurant- og matfag når du søkjer deg inn på vidaregåande skule. Som YSK elev, kombinerer du opplæring på skulen og lærling i bedrift i 4 år.
Etter 4 år tar du fagbrev som kokk eller servitør  og du har studiekompetanse med fordjupning i realfag.

Søknad YSK