Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Tre elever samarbeider med mekanisk oppgave

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi- og industrifag (TIF)?

Har du praktisk sans og godt handlag? Likar du sveising, maskinering og monteringsteknikker? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIF noko for deg. Faget skal fremja heilskapleg forståing av  produksjonsprosessar, HMS og leggja grunnlaget for å tenkja tverrfagleg.  

Me tilbyr:

  • Vg1 Teknologi- og industrifag (TIF)
  • Vg2 Industriteknologi (PIN)
  •  YSK 4-årig

På Fusa vgs har me eit stort og moderne verkstadlokale, og du får ei spennande veksling mellom praksis og teori.  Utdanninga har fokus på samarbeid skule-bedrift.  Denne fagutdanninga er det etterspurnad etter i mange bransjar.

 Om du ynskjer ta fagbrev og å oppnå studiekompetanse på fire år, kan du søkje YSK.

_DSC6299.png

Kva kan du bli?

  • CNC-operatør
  •  Sveisar
  •  Platearbeidar
  •  Industrimontør
  •  Industrirøyrleggjar

 

 

 

Vg1 Teknologi- og industrifag


Kjerna i TIF er teknologi, og jobbane endrar seg heile tida i takt med ny teknologi og nye miljøkrav.
Skulen har tett samarbeid med lokale bedrifter om utplasseringer i løpet av skuleåret.

Elevane har ein kombinasjon av teoretisk og praktisk yrkesfagleg opplæring. Ved bruk av den moderne verkstaden vår, får du ei brei plattform for vidare yrkesval. I faget yrkesfagleg fordjupning (YFF) får du moglegheit til å få yrkespraksis på arbeidsplassar som er aktuelle for vg2. 

Læreplan i vg1 teknologi- og industrifag

 

Vg2 Industriteknologi


Industrien tek i bruk ny teknologi som for eksempel robotar for å produsera meir effektivt.
Vg2 industriteknologi har eit bredt fokus på både teknologi og praktiske ferdigheter, noko som industrien etterspør.

Elevane jobbar også på oppdrag  for private og lokalt næringsliv med oppgåver på skulen. Gjennom arbeidet lærer ein blant anna sveising, maskinering og monteringsteknikkar. Nøyaktigheit og førebuing er viktig for å oppnå riktig kvalitet.

Læreplan i vg2 industriteknologi

Fagbrev og/eller studiekompetanse


Etter Vg2 kan du søkja om læreplass (to år) og ta fagbrev, eller søkje vg3 allmennfagleg påbygging og få studiekompetanse (eit år). Du kan og ta allmennfaglig påbygging etter at du har fått fagbrev.

Lærling

For å verta lærling må du ha gjennomført to år på vidaregåande skulen. Då går du først vg1 Teknologi- og industrifag og vg2 Industriteknologi. Deretter kan du velgja mellom mange lærefag. Læretida er to år for alle faga. Etter læretida kan du få stilling som fagarbeidar eller gå vidare på påbygg som kvalifiserer deg til høgskule og universitet.

 

TAF-lærling

For å verta YSK-lærling, søkjer du YSK Teknologi- og industrifag når du søkjer deg inn på vidaregåande skule. Som YSK elev, kombinerer du opplæring på skulen og lærling i bedrift i 4 år.
Etter 4 år tar du fagbrev og du har studiekompetanse med fordjupning i realfag.
Søknad YSK